tirsdag 18. oktober 2011

Kinamann - Brynjulf Jung Tjønn



Korleis er det eigentleg å verta adoptert til Noreg?

Gjermund Brekke kjem til den vesle bygda Feios berre 3 år gamal. Han er adoptert frå ein barneheim i sørkorea. Gjennom heile oppveksten føler han seg annleis. Han føler seg norsk, men har ser jo ikkje norsk ut. Akkurat det vert eit problem for Gjermund. Ofte står han opp om nettene når han ikkje får sove, og går på badet og gransker andletet sitt.
Gårdsarbeidet fell ikkje lett for han, men han gjer så godt han kan. Han er odelsgut og trur at far hans helst vil at han skal ta over garden.
Slik vert det ikkje. Gjermund vil ut og ta utdanning. Då treff han ho som seinare skal verta kona hans og dei får ein son saman. Med familiestiftinga kjem tankane om opphav endå sterkare. Skal han dra til Seuol og prøve å finne genene sine?

lørdag 1. oktober 2011

Reis hvis du må. Bli hvis du kan. - Helga Flatland



Har du nokon gong følt deg pressa til å ta val du ikkje ynskjer?

Handlinga går føre seg i ei lita bygd. Tarjei veks opp på wein gard saman med søstera som er to år eldre. Besteforeldra bur på same garden. Bestemora er svært oppteken av at folk ikkje skal flytte frå bygda, ho er med i ei forening som jobber for at det skal vere kjekt å bu der. I klassa til Tarjei går ein del jenter og fire gutar. Dei held saman. Då det vert snakk om å leggja ned ungdomsskulen engasjerer dei seg og advokatfaren til han eine gir pengar for å redda skulen.

Då gutane skal byrja på vidaregåande skule må dei ut or bygda. Anten reise to mil eller to timar med buss. Det kjem an på kva line dei veljer. Tarjei har vore mykje med faren og hjulpe han på garden, men aller helst vil han flytte på hybel og gå på medialina i byen. Faren forventer nok at han går landbrukslina då han vil han Tarjei skal overta garden.

lørdag 24. september 2011

Feit - Kristian Fjellanger


Har du nokon gong følt at buksa har vorte for trang?

Hovudpersonen i denne boka heiter Kristian og veier 140 kg. Han beskriver seg svært fordomsfullt i negative termer. Men sjølvsagt det er vel slitsomt å vera så stor. Han berstemmer seg for å byrja trena då han står i prøverommet på dressmann og største størrelse er for trang. No MÅ han gjera noko. Han har ikkje trent på 10-12 år. Dei første utfordringane vert å kjøpe treningsbukse og heimetreningsapparat.

Boka er skriven på nynorsk. Eg synest den beskriv på ei god måte kor vanskeleg det er å vera feit. Alle blikka, alle tankane ein trur andre har og sjølvsagt den dårlege sjølvtillitten. Kapitla er stutte med ein del fakta og statistikk. Forfatteren har tydeleg gjort mykje research.

Skjænne utsikter - Tonje Røed


Korleis er det eigentleg å leva som eit luksusdyr med basseng i hagen, huhjelp og eigen sjåfør?

Emma har starta på nytt, gifta seg og flytta med mannen som byrja jobbe i Venezuela i det norske oljeselskapet Noroil. Dette vert ein brå overgang for Emma, for korleis oppfører ein seg eigentleg ovanfor hushjelpa? Og det føles heilt greit å ikkje gjere noko som helst anna enn å dra seg på solsenga, handle og kanskje treffe nokon av dei andre noske Noroildamene.
Ja kva synest eg eigentleg om denne? Eh, litt kjeisam om eg skal vere ærleg. Livet som beskrives her er så utruleg langt unna mitt eige og det eg lev. Samstundes vil eg seie at det er bra å utvide horisonten, og ein har godt av å lese om korleis andre menneske lev. Skjønne utsikter er absolutt leseverdig.

tirsdag 13. september 2011

Historien om Fru Berg - Ingvild Rishøi



Har du nokon gong følt deg trist og lei og forlatt?

Dette er ei novellesamling. Tittelnovella handler til dømes om å elske ein hamster som heiter Fru Berg. Noveller er eigentleg kjekke då dei er så stutte og innhaldstette. Ein kan liksom få ei heil oppleving berre ved å lese 10 - 15 - 20 sider. Og mykje er opp til lesaren. Du kan sjølv leggja i fortelljinga kva du vil.

mandag 12. september 2011

utilslørt


Korleis er det eigentleg å vere muslim?
Dette er ei samling tekster, skrivne av norsk - muslimske kvinner om det å vere kvinne. Kvinnene er forskjellige, og viser korleis det er å vere muslimsk kvinne i Norge. Fortellingene er sterke og dei berører. Me får sterke bilete av korleis tru og kultur påverker levesettet deira. Ei av kvinnene fortel om toleransen ho ikkje møter bant nordmenn, men som ho meiner nordmenn meiner ho bør vise nordmenn. Ho meiner me er gjennomsiktige og kritiske.

lørdag 10. september 2011

ulovlig norsk - Maria Amelie


Korleis er det eigentleg å vera på flukt?

Dette er ei utruleg sterk å gripande bok om ei tøff jente på som ønsker så inderleg å kunne leve eit liv. Boka er ei slags dagbok. Ho fortel så truverdig om den vanskelege barndommen i kaukasus som ho hugser så lite av. Tvangsflyttinga til tante og onkel i moskva. Og den lille familien på tre sin fryktfulle reise for å kunne vera trygge. Tilstanden på asylmottaket er grusamt, eit venterom for å alikevel bli send heim. Heile tida ikkje prøve leve, då det vert så frykteleg å måtte reise frå vener og nettverk. Ho kan ikkje planleggja noko, då ho ikkje veit om ho kan bli eller plutseleg må dra attende til Russland.

Maria er flink og lærer seg raskt norsk. Ho går på vidaregåande medan ho bur på asylmottaket. Sjølv om ho verken har pass eller papirer er rektor og skulen så grei at ho får vitnemål. Dermed kjem ho seg inn på høgare utdanning.