fredag 2. juli 2010

Charlotte Isabell Hansen


Dette var ei artig bok. Ho var fengande og morsom. Charlotte Isabell Hansen er den 3. boka om Jarle Klepp. No bur han i ei liten kåk i Bergen og studerer litteraturvitenskap, eit framifrå smalt emne. Han lever studentlivets dager med fest og venner og diskusjoner. Plutseleg dumpar eit brev ned i postkassa hans. Han er far til ei jente på 7 år. Dette kjem som eit sjokk på Jarle. Hans seksuelle debut for sju år sidan resulterte i ei dotter?? Han kan mest ikkje tru det. Ho bur saman med mora og den nye kjæresten hennar i Skien og brått kjem ho på vitjing hjå Jarle, den ordenlege faren. Dette byr på mange overraskelser for Jarle og mora hans som uanmeldt kjem på vitjing.
Dette er ei bok om tilhørighet og kjærleik og varme. Utruleg godt skrive. Ei god sumarbok.

Sameland


I helga tar eg med meg Sameland for å lese ho. Omtale kjem på måndag
Sjå kva www.bokelskere.no seier om boka: http://bokelskere.no/bok/sameland/206669/

Dette er ei utruleg underhaldande bok. Perfekt for ein forsommardag i ein solfylt hage. Ungkarane Roy og Leif jobbar på postkontoret i Kirkenes men synest livet er traust og kjeisamt. Då kjem Leif på ideen om å laga ein fornøyelsespark der japanarar kan være same for ein dag eller to!! Turistane skal få utdelt samekofte og reinsdyr når dei kjem. Får å få til denne parken, treng dei to lavoer, ein sjaman, nokre reinsdyr og noko startkapital. Alt dette går ikkje heilt etter planen. Boka har eit lett og greit språk. Anbefalast.

Velkomen til bibliotek(tru)verda

Kjære alle besøkande.
Dette er ein blogg for alle som treng inspirasjon til å lesa bøker. Her kjem eg til å leggja ut bokmeldingar spesielt med tanke på elevar i den vidaregåande skule, då eg er bibliotekar ved Stord vgs.
God lesning! - og sjølvsagt er bloggen på nynorsk.