lørdag 9. april 2011

Livet etter skuddene


Er du medviten? Det er eg. Trur det var kikkaren i meg som vakna. Denne boka gjorde sterkt inntrykk på meg. Eg byrja å lese ho på senga omlag 23, og sat oppe til 02. Ei familietragedie der faren drepte mora og så seg sjølv. Den som skriv boka er ein av 4 søsken som mista foreldra sine på denne brutale måten. Me får innblikk i livet før, under og etter tragedien. Grunnen til at eg byrja lese boka, var at eg gjekk i paralellklassa til Henrik eldsteguten som fann faren død. Det store spørsmålet er kvifor gjer ein familiefar dette? Faren her var ein respektert lege i ein liten kommune på austlandet, og kona heldt ein fysioterapiklinikk i same kommune. Eg røper ikkje for mykje om eg seier det dreide seg om rus og pillemisbruk. Men korleis takla borna det? Dei vart bråvoksne og måtte forhalde seg til ei uverkeleg røynd. Les boka dette er ei sterk historie.

lørdag 2. april 2011

Harry houdinis elefant


Kjenner du nokon som har vakse opp hos mor si og ikkje kjenner faren sin?
Denne boka har eg tenkt på å lese lenge. Det er lenge sidan eg kjøpte ho inn på biblioteket. Men no endeleg. Me møter Anders på fotballturneringa Norway cup ein sumardag. Han slit benken og har igrunn oppgåva med å fylle drikkeflasker. Rett før den første kampen får Anders ein telefon frå mor si. "Far din har kreft og ikkje lenge att å leve, det størtste ynskje hans er å treffe deg. Vitjingstida er kvar dag mellom 19 og 20." Oj kva skal eg gjere tenkjer Anders. Han har ikkje truffe faren og no kjem denne meldinga. Han lurer på kva for person han er, det einaste han veit er at han er filosof. Då Anders tropper opp på radiumhospitalet er det mange tanker som fer gjennom hovudet hans, kva slags mann er han og kor sjuk er han. Det vert eit godt møte og Anders vert forelska!!! Ein medpasient på sjukehuset er på Anders sin alder og liker til og med favorittgruppa til Anders.
Spenninga går på kor lang tid faren til Anders har att? rekker Anders å verta kjend med far sin? Klarer Anders å kapre Vivian?

Den usynlige - Mats Wahl


Vert ein usynlig når ein dør?
Hilmer er 15 år og forsvinn då han har gløymd handduken sin etter trening. Etterforsker Fors snakker med lærere, trener, vaktmester, kjæresten, mora og sjølvsagt venene.
Boka er spanande og vanskeleg å leggja frå seg. Kva har eigentleg skjedd med hilmer? Nokon må veta noko - klassekameratane vert nøkkelvitner.

Eg vil halda fram :)

Det hadde vore kjekt med ein stad å samle omtaler av bøker eg les. Litt i yrkesøyemed og, då det er kjekt å hugse litt frå bøkene. Bibliotekar som eg er.