lørdag 9. april 2011

Livet etter skuddene


Er du medviten? Det er eg. Trur det var kikkaren i meg som vakna. Denne boka gjorde sterkt inntrykk på meg. Eg byrja å lese ho på senga omlag 23, og sat oppe til 02. Ei familietragedie der faren drepte mora og så seg sjølv. Den som skriv boka er ein av 4 søsken som mista foreldra sine på denne brutale måten. Me får innblikk i livet før, under og etter tragedien. Grunnen til at eg byrja lese boka, var at eg gjekk i paralellklassa til Henrik eldsteguten som fann faren død. Det store spørsmålet er kvifor gjer ein familiefar dette? Faren her var ein respektert lege i ein liten kommune på austlandet, og kona heldt ein fysioterapiklinikk i same kommune. Eg røper ikkje for mykje om eg seier det dreide seg om rus og pillemisbruk. Men korleis takla borna det? Dei vart bråvoksne og måtte forhalde seg til ei uverkeleg røynd. Les boka dette er ei sterk historie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar