søndag 4. september 2011

Jeg kan se i mørket - Karin Fossum


Kan nokon som jobbar på ein sjukeheim vera slem på jobb?

Eg er eigentleg ei pyse når det gjeld krim, men har lese nokre "Karin Fossum krim" og dei har eg likt, så også denne.
Denne handler om Riktor ein eisam mann som jobbar på ein sjukeheim. Han bur i ei leilighet heilt for seg sjølv, og einaste vitjingane han får er seljarar og ulike bøsseberarar. På sjukeheimen der Riktor jobbar har han ein kollega som heiter Anna. Ho er ein sjukepleier av det vene slaget, med mykje omsorg for pasientane.
Ein dag Riktor er ute og går tur ved vatnet Mester, kjem ein skiløper ned bakkane mot vatnet. Det er april og isen er tynn. Skiløparen kjem fort og det går slik det må; han fell igjennom isen. Han kravler hysterisk med både ski og staver, men må til slutt gje tapt. Riktor vert lamma og står berre og ser. Etterkvart går han heim.
Ei vane Riktor har er å gå til parken ved Mester. Der er mange sjebner; eit forelska ungt par, ei eldre dame som hekler og Arnfinn ein alkoboliker. Ein dag gløymer Arnfinn lerka si på benken. Riktor plukker ho opp og tek vare på lerka i lomma si. Ved ein anledning finn han høve til å gje ho attende til Arnfinn. Også vert Arnfinn med Riktor heim. Her får Arnfinn meir vodka og får fylt på lerka si. No får Riktor ein dagleg gjest som tiggar om alkohol. Riktor synest igrunn det er kjekt med selskap og kjøper gjerne vodka til han. Historia tek ei vending då Riktor tek Arnfinn i å stela heime hjå viktor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar