torsdag 9. september 2010

På vegne av venner - Kristoffer Schau


Kristoffer Schau, mest kjend som komiker frå sjåv som team antonsen, ville gå i kommunale gravferder. Kvifor må det offentlege arrangere gravferd? Den døde har ingen familie att og ingen venner. Kristoffer Schau ynskte å finna ut kva dette var og være der. Sto presten der heilt aleine? Kva sa han eigentleg?
Dette er ei godt skriven bok, og han skildrer godt einsemda i desse situasjonene. Utruleg sterkt!

tirsdag 7. september 2010

Kjør! - av Helene Guåker


Denne boka var facinerande å lesa. Eg er ikkje spesielt interessert i bil sjølv, men det er denne hovudpersonen! Marianne har meir peiling enn gutta! Og interessa har ho hatt sida ho var 7-8 år gamal. Og ho er mykje meir interessert enn bror sin. Og då den 3 år eldere broren hadde vitjing av kameratar med moped, var ho rask bortpå for å sjå.
I fyrste kapittel vaknar Marianne på sjukehuset. Og ho hugser ikkje kva som er skjedd. Etter kvart får ho greie på at ho har kræsja med bilen og fosteret ho hadde i magen er dødt. Mykje av romanen handlar om vegen attende til Chevellen etter ulykka. Og om det vanskelege forholdet til kjæresten. Foreldra hennar synest ho har feil interesse og støtter ikkje opp i det heile.
Dette er ei spanande bok. Ein får innsyn i råne og mekkemiljøet.

Bokomtaler

Hei lesere

No har det vore bloggtørke ei stund på bibliotektruverda. Men no er dei fleste bøkene delt ut og eg kan vera bibliotekar att. Ah, det er herleg. Eg held på og føreby brukeropplæring og, men det får bli nærare haustferien. Eg skal vitja alle 1. klassane med eit opplegg om informasjonskompetanse, kjeldekritikk og kjeldetilvisning.
Vonar det er nokon som les omtalane og anna eg legg ut.