tirsdag 7. september 2010

Kjør! - av Helene Guåker


Denne boka var facinerande å lesa. Eg er ikkje spesielt interessert i bil sjølv, men det er denne hovudpersonen! Marianne har meir peiling enn gutta! Og interessa har ho hatt sida ho var 7-8 år gamal. Og ho er mykje meir interessert enn bror sin. Og då den 3 år eldere broren hadde vitjing av kameratar med moped, var ho rask bortpå for å sjå.
I fyrste kapittel vaknar Marianne på sjukehuset. Og ho hugser ikkje kva som er skjedd. Etter kvart får ho greie på at ho har kræsja med bilen og fosteret ho hadde i magen er dødt. Mykje av romanen handlar om vegen attende til Chevellen etter ulykka. Og om det vanskelege forholdet til kjæresten. Foreldra hennar synest ho har feil interesse og støtter ikkje opp i det heile.
Dette er ei spanande bok. Ein får innsyn i råne og mekkemiljøet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar